1. juli

Kjartan Lauritzen

Pris: 695,-

Kjøp billett Bestill bord

Dørene åpner:

18:00

Konsertstart:

20:00

Publikum:

Sittende og stående

Aldersgrense:

20år

Heilt utan noko majorlabel i ryggen bygde Kjartan Lauritzen frå Balestrand seg opp til å bli Noregs nye rap-superhelt med tidlege låtar som Havanna, Fredag og Nyte D. I 2021 blei han ein del av Warner Music, og ga ut sitt debutalbum Kjartanisme til kritikarane og fansen si store begeistring. Kjartanismen gjorde sitt inntog i landet med låtar som Million og TADA, før han abdiserte som profet og gjekk vidare til å gi ut singlar som Gira, Shakira, Skaol Skadle og sommarhiten Badebussen. 

Kjartan er kjent for å by på seg sjølv, og skapar ein unik kontakt med publikum. For dette har P3 Gull nominert han to gonger til "Årets Live-artist". Kom på konsert, og du vil føle ei varm kjensle stryke deg forsiktig på sjela, og ei stemmevil kviskre deg ømt i øyret; “dette var ikkje eit dumt val, min gode ven” 

I 2025 har Kjartan mykje å feire. Han blir 30 år gammal, har vore Kjartan Lauritzen i 10 år og skal bli far! 28. mars hiver han seg derfor på nok eit idiotisk, men gøy, eventyr, ved å feire med konsert i sjølvaste Oslo Spektrum. "Om du hørte på Mestertyv for 10 år sida, eller om du oppdaga meg gjennom Badebussen i 2024 - du er hjertelig velkommen! Detta skal bli ekstremt hyggelig og koselig" 

Får du ikke nok?

Hold deg oppdatert på det som skjer på Wrightegaarden med vårt nyhetsbrev!

Ved å klikke «Meld på» godtar du vår personvernerklæring